Thursday, January 3, 2008

Guds draum


Dere som åpner bloggen anneogbe.blogspot.com i håp om å få ny og fersk oppdatering fra misjonsmarken blir stadig skuffet. Grunnen til det er at jeg er i permisjon og har enda ikke begynt å jobbe. Fra midten av mars så vil jeg begynne å jobbe en dag i uken. Legen til Thanan ønsker ikke at jeg skal ta med Thanan til slummen og Lovsangshjemmet før han er fire måneder (pga tuberkolose) så da forholder jeg meg til det. Derfor vil jeg oppfordre dere alle som er interessert i å følge med på arbeidet NMS driver i Thailand til å lese mine kolegaers blogger- der er det masse spennede lesestoff. Og ikke nok med det, NMS har nå fått en ny og bedre hjemmeside, med nyheter fra NMS sitt arbeid i hele verden. Denne siden oppdateres hver dag.


Tilbake til overskriften: I år er det "Guds draum" -året i NMS. For alle som ikke er så stødig i nynorsk; oversatt til bokmål "Guds drøm".

Dette skriver sjefen selv (Kjetil Aano) om temaet.

– Mange tenkjer kanskje at dette temaet kan framstå som litt ”luftig”, men det er det ikkje. Gud er ingen draumar slik som vi t.d. les om i Ibsens Peer Gynt. Når vi har vald dette temaet, brukar vi det i tydinga; – det vi vil vere med å verkeleggjere. Heile bibelboka er eit vitnesbyrd om Guds draum. Slik blir temaet dynamisk og nært.

Forsoning
Aano har to aspekt ved temaet som han særleg ynskjer å understreke.
– I Bibelen finn vi ein draum om eit fullendt skaparverk og om ein forsona menneskehet. Guds draum bli såleis eit uttrykk for eit ønske som Gud har gjeve uttrykk for gjennom handling og ord. Her tenkjer eg t.d. på Martin Luther King og talen som starta slik: ”I have a dream”. Det som King drøymde om var ikkje berre ein draum eller luftige tankar, men noko som han ofra livet sitt for å verkeleggjere. Bibelen er boka om Guds draum, – om det Gud gjorde for å verkeleggjere draumen. Gud la til rette for dette då han sende son sin inn i vår verd. Vår oppgåve blir å kalla menneskje til forsoning. Jesus Kristus er vårt føredøme i dette, og vårt kall er å fylgje Jesus. Når vi skal omsetje dette i handling finn vi også eit miljøperspektiv, og eg er difor glad for at generalforsamlinga til sommaren blir eit miljøarrangement.

Inkludert– Guds draum handlar om etterfylging, etisk utfordring, miljø, rett fordeling, økologisk balanse, ja heile Guds skaparverk. Og i Guds draum er vi alle inkludert. Vi har alle ein plass og ei oppgåve. For meg sjølv er dette viktig. Trass i synder og nederlag, evner og sterke sider, er også eg omfatt a av Guds draum. Og eg skal få bruke dei muligheter som han har gitt meg. Eg skal få dele evangeliet om Jesus, bruke pengar og tid og skape gode relasjonar mellom menneske. Til slutt skal eg få segle på bølgja som ber meg heim til Gud, avslutt ar Aano.
(Fra Misjonstidendes januarnummer)

No comments: